OM VOSS FREESTYLEKLUBB

Freestyle er ei skigrein som i dag består av kulekøyring, jibbing og ski-x. Voss Freestyleklubb blei grunnlagt i 1978 og har sidan den gong hatt mange gode utøvarar. Dei siste åra har og jibbarane blitt ein stor del av klubben.


Voss Freestyleklubb er ein klubb som er i stor vekst og det er høgt nivå innan både jibbing og kulekøyring. Sidan Voss Freestyleklubb blei grunnlagt er det teke fleire OL, VM og Verdenscupmedaljar. Kulekøyring har vore offisiell OL-grein sidan 1988. Neste OL i Vancouver i 2010 vil ski-x være med som gren, og på sikt får kanskje jibberane muligheit til å delta og.

Voss freestyleklubb har i dag eit sterkt trenarapparat og mange aktive utøverar som har jevnlege treningar om hausten og vinteren. Fleire av utøvarane deltek i nasjonale og internasjonale konkurransar.

 

 

 

 

Voss Freestyleklubb Logo

 Klaus Finne jibber               Klaus Finne sekvens               Lagbilde fra Engelberg