Alle som ynskjer å bli medlem i Voss Freestyle klubb må senda ein mail til joachim.strandborg@gmail.com. Fyll ut deltaljane under i eposten og send til Joachim. Deretter vil du få ei tilbakemelding om det er ledig plass på treningane våre eller om du er på venteliste. Alle som ynskjer å bli medlem i klubben, må delta aktivt både på barmarktrening og skitrening. Me tek ikkje inn medlemmer som kun ynskjer å delta på treningane våre i idrettshallen.
Data som skal fyllast ut og sendast til:
NAVN:
FØDSELSDATO:
ADRESSE:
NAVN FORELDRE:
MAIL FORELDRE:
MOBIL FORELDRE:
SKIFERDIGHEITER:
Medlems- og treningsavgift for 2011/2012:
Medlemsavgift: 300 kr
Treningsavgift kids: 1200 kr
Treningsavgift 12-16 år: 3000 kr
Maksbeløp for foreldre med fleire utøverar: kjem snart
I tillegg må alle over 13 år ha skiforsikring som gjeld for inne / utetrening og renn.
For våre yngste utøvere ynskjer me å fokusere på samhold, skiglede og skileik retta mot freestyle generelt. Dette inneber idag kulekjøyring, jibbing og skicross. Me ynskjer at dei yngste skal få ei innleiing i alle greinene slik at dei seinare kan velje kva dei vil drive meir spesifikt med. Samtidig legg me stor vekt på basistrening med styrke og stabilitet som er avgjerande innan all idrett.
Vi fylgjer her Skiforbundet sine regler for barneidrett.
Ungdom 13-16 år (f.o.m 7 klasse)
Utøver kan velge kva gruppe han eller ho ynsjer å tilhøre; Kulekjøyring eller jibbing. Gruppene har kvar sin trenar om vinteren, men har felles trening i idrettshallen om hausten og våren.
Treningstidene i idretsshallen er som fylgjer:
Mandag: kun 13 - 16 år
17.30- 19.00 - Utetrening med 13-16 år. (styrke, spenst, uthald)
Tirsdag (idrettshallen):
17.00 - 18.30 - Kids (Elias Kvarekvål og foreldre)
Treningane vil innehalde øvelsar som er viktig for ein freestyleutøvar som basistrening, styrke og stabilitet, spenst, balanse bevegelighet og akrobatikk.Elementer vi i hovedsak benyttar i idrettshallen er balanseapparat, trampoline, trampett og lufttumbling-matte.
Om vinteren lagar trenarane eit treningsopplegg for utøvarne med fokus på den greina utøvaren har valgt, med fokus på grunnleggande skiteknikk og skiferdigheter.
Alle kids bør kunne ta heis aleine – om ikkje må foreldra være med på trening.
Alle utøvarar må å ha sesongkort i Voss Resort.
Foreldre og føresette:
For å kunne opprettholde aktiviteten i klubben er me avhengige av hjelp fra foreldra til våre utøvere. Det er mange oppgåver som skal gjerast i forbindelse med treningar, samlingar, arrangement og konkurransar. Det er kjekt å være med som foreldre både for å sjå kva ungane driv med og for å bli bedre kjent med dei andre foreldra i klubben. Dette er og ein fin muligheit til å lære seg noko nytt og i tillegg delta i det sosiale nettverket som freestyleklubben skapar. Klubben treng foreldra for å kunne opprettholde dagens aktivitetsnivå. Me set stor pris på den jobben de gjer, og tek gjerne i mot spørsmål dersom noko er uklart.
Hjarteleg velkommen til ein ny sesong!
Støtte Voss Freestyleklubb gjennom Grasrotandelen til Norsk Tipping (org.nr. 984025882