REFERAT FRA KIDS MøTET
    av Joachim Strandborg, 11.01.2012

Her er refarat fra KIDS møtet tirsdag 10. januar

 

Tirsdag 10. januar var det kidsmøte i varmestova i Bavallen. 
Alle kids hadde fått beskjed om å stilla før trening.
 
23 ivrige kids møtte opp + noen foreldre. 
Hege Magnusson leda møtet og starta opp med å presentere Joakim Stabekk som er ein av trenarane for kidsgruppa.
 
Han er 19 år og kulekjørar. Han jobbar og trenar på Voss.
 
Marte Stubbrud Frikstad vert og trenar for denne gruppa, men kunne ikkje stille på møtet. I tillegg til desse to vert det med noen foreldre på enkelte av treningane.
 
Lista over renn denne vinteren vart presentert, og Hege oppfordra alle til å delta på alle renn
.
Skal ein verte god på ski gjeld det å stå mykje på ski :-)
 
To av dei store gutta i Voss Freestyleklubb hadde tatt turen innom møtet. Klaus Finne og Ole Fretheim.
 
Klaus driv no med bigjump, slopestyle og halpipe, og starta opp med den samme treninga som kidsgruppa har no.
 
Forrige sesong deltok han i fire Norgesmesterskap - Bigjump 1.plass, Slopstyle ?. plass, Halfpipe 1.plass og Kulekjøring 8.plass.
 
Ole og Klaus har vært treningskompisar lenge, men Ole valgt for tre år sidan å satse på kulekjøring. Ole jobbar og trenar på Voss, og kjører både WV og EC renn.
 
Altså - de treng ikkje velga kva de skal drive med av jibbing og kulekjøring før ungdomsskulen.
 
Før møtet vart avslutta bestemte alle seg for at følgande regler gjeld på trening.
 
1. Me skal glede oss til å gå på trening, og me skal ha det kjekt på trening. 
2. Me skal være aktive.
  
3. Mobbing er ikkje lov på trening. Det er lov å gje beskjed til trenaraen om ein blir mobba.
 
4. Me jublar for alle som får til noko bra på trening eller renn.


Til slutt vil me minna om at ein held seg til gruppa si på trening, og føl trenaren sine innstruksar.
 
Gje alltid beskjed til trenaren om du må reise ned før gruppa.
 







Warning: mysql_free_result() expects parameter 1 to be resource, null given in /home/freeshsx/public_html/nyheiter/vis/index.php on line 178