SESONG AVSLUTNING OG MESTERMøTE
    av Gunvor Wæhle, 30.07.2010

Mandag 21. juni møtte 20 ivrige medlemmer opp i Bavallen til duell i Mestermøte

Me fekk strålandes vær denne ettermiddagen, og mange medlemmer møtte opp i Bavallen for å vera med på sesongavslutninga. På agendaen i dag stod aktiviteten Mestermøte.KIDS og ungdom 13 - 16 år vart blanda saman og delt inn i 2 lag som skulle konkurrera mot kvarandre i 7 ulike disiplinar som til dømes vardebygging, sandspaing, langski og øksekasting. For å vera eit godt lag måtte ein samarbeida, jobba effektivt og ha ein god taktikk gjennom alle øvingane. Viljen til å vinna var stor, og då me kom til disiplinen " Hammaren" kunne det og høyrast over heile Bavallen. Begge laga vann nokon disiplinar kvar, men eit lag vann litt fleir enn det andre og blei dermed kåra til Mesterlaget. Etterpå blei det is til alle. Takk for ein knall fin haust og vintersesong. Eg gleda meg til å treffa dykk att til Hausten







Warning: mysql_free_result() expects parameter 1 to be resource, null given in /home/freeshsx/public_html/nyheiter/vis/index.php on line 178