NM OG HOVUDLANDSRENN I PINSEN
    av Trond Carsten Øye, 19.05.2010

Til helga vert det både NM og Hovudlandsrenn i kulekøring på Folgefonna

Etter at NM og Hovudlandsrennet ikkje vart gjennomført som planlagt på grunn av snømangel i vinter vart det flytta til pinsen i vårsnø på Folgefonna. Klubben reiser sjølvsagt ned til Jondal for å få seg nokre flotte dagar på ski. Fonna er allereide etterlengta, og mange ser fram til å ta turen ned i Pinsen som etter kvart har vorte ein tradisjon for klubbens medlemmer.

Ei gruppe med jibberar frå klubben vil og ta turen ned. I tillegg til NM og Hovudlandsrennet til helga vil det verte mykje aktivitet som trampoline, barmarkstrening og vannhopp. Mange lurar sjølvsagt på kor mange grader vatnet held ved vannhoppet....

Sjåast på Fonna







Warning: mysql_free_result() expects parameter 1 to be resource, null given in /home/freeshsx/public_html/nyheiter/vis/index.php on line 178