Foran årets 17.mai fest bestemte freestyleklubben seg for å gjera eit godt forsøk på å vinna årets innslag i toget. Det viste seg å skulle gå vegen. Etter ei idemyldring vart det satt i sving folk for å hente snø til å bygge VM 2013 arenaen i miniatyrutgave. 16.mai vart det pynta og forma arenaer i trillebårer der mange frivillige stilte opp.
Nora og Amalie laga eit fint klubbrop som vart brukt i toget:
"Freestyle, freestyle sjå på de
Ta ein backflip 1,2,3
Hoppa høgt og køyra best
Kulekøyring er ein fest!!"
Mange lura på om den nye maskoten til landslaget "apen" ville dukka opp i toget. Brått kom han hoppande ut frå skogen for å samla inn pengar til landslaget i kulekøyring. Etter halvvegs i toget hadde apen fått inn ein god slamp med pengar, men grunna dei store folkemengdene i gatene på 17.mai kræsja apen med eit menneske og mista alle pengene han hadde samla inn. Dette var sjølvsagt synd og apen vart ikkje god å ha med å gjere etter dette. Etter toget var framme skulle prisen for årets beste innslag delast ut. Før ein rakk å blunka hadde apen henta prisen for freestyleklubben. Han galloperte vidare over idrettsplassen, velta seg over gjerdet og forsvann tilbake til skogen att.
Nokre spekulerar no i om apen har brukt skjekken som klubben vann til å reise på samling med landslaget. Det går rykter om at dei har reist til hardanger og lever det gode liv på stranda i Jondal der dei frotsar seg i Brano sin gode grillmat på Folgefonn Gjestetun.
Freestyleklubben ynskjer ellers å takka alle som var med på å bidra til at klubben vann prisen. Takk til lån av utstyr, takk tilbakkesjef og bakkemannskap, og ikkje minst takk til alle som stilte opp og gjekk i årets beste tog.
|